Møter mellom irregulære migrantar og 'regulære' sosialarbeidarar i ein norsk velferdsstatskontekst
Møter mellom irregulære migrantar og 'regulære' sosialarbeidarar i ein norsk velferdsstatskontekst

Prosjektperiode
april 2017
Veileder
Marianne Rugkåsa, OsloMet
Om prosjektet
Ph.d.-prosjektet handlar om møter mellom sosialarbeidarar og irregulære migrantar innan konteksten av den norske velferdsstaten. Fokus for prosjektet er spørsmål knytta til korleis sosialarbeidarar i ulike velferdsstatskontekstar forstår, skaper og (re)forhandlar profesjonelle roller, identitetar og verdiar i møter med brukarar som har behov for sosiale tenester men har svært begrensa tilgangar og rettighetar til desse. På same tid vil eg undersøka korleis migrantane opplever og forstår møter med sosialarbeidarar i den norske konteksten.
Det finst lite kunnskap om desse spørsmåla. Dei større debattane prosjektet ynskjer å bidra inn i knyttar seg til fagfeltet sosialt arbeid og migrasjon, og ein kritisk diskusjon om konsekvensane av at nasjonalstaten er utgangspunktet for sosialt arbeid i eit globalisert samfunn. Metodologisk framgangsmåte vil vera langvarig antropologisk feltarbeid der deltakande observasjon er den sentral komponenten.
Bakgrunn
Hovudfag i sosialantropologi, Universitet i Oslo