Nye Familier intervensjonsprogram – førstegangsmødre si oppleving av sosial støtte og livskvalitet i den første tida etter fødsel.
Nye Familier intervensjonsprogram – førstegangsmødre si oppleving av sosial støtte og livskvalitet i den første tida etter fødsel.

Prosjektperiode
januar 2020–mai 2023
Veileder
- Hovedveileder: Trude Haugland, VID vitenskapelige høgskole
- Medveileder: Amin Amro, VID vitenskapelige høgskole
- Medveileder: Kari Glavin, VID vitenskapelige høgskole
Om prosjektet
PhD-prosjektet er ein del av forskingsprosjektet Nye Familier, som er eit samarbeidsprosjekt mellom Oslo Kommune, VID vitenskapelige høgskole, Universitet i Oslo og Folkehelseinstituttet.
Nye Familier er eit universelt utforma intervensjonsprogram der helsesjukepleiar gjennomfører heimebesøk til alle førstegongsforeldre frå svangerskapsveke 28 og, avhengig av familien sitt behov, fram til barnet er to år. Nye Familier er eit tillegg til konsultasjonane i det ordinære helsestasjonsprogrammet og har som mål å styrke førstegongsforeldre si mestringsevne og bidra til tryggheit i foreldrerolla. Programmet bygger på eit salutogenetisk perspektiv, med ressursmobilisering og foreldrestøttande arbeid i fokus. Nye Familier har sidan hausten 2019 vore implementert i helsestasjonstilbudet i alle bydelar i Oslo Kommune.
Forskningsprosjektet skal undersøke om Nye Familier intervensjonsprogram gir ei betre tilnærming til førstegangsforeldre samanlikna med ordinær oppfølging på helsestasjonen. Overgangen til å bli foreldre inneberer store fysiske og psykiske forandringar og kan opplevast som ei av dei største overgangane i livet. Førstegongsforeldre har behov for støtte og rettleiing både før og etter fødsel. Tilpassa støtte til foreldre vil kunne gi større grad av trygghet, samt auka kompetanse og mestring i foreldrerolla.
Phd-prosjektet skal sjå nærmare på førstegangsmødre si oppleving av sosial støtte og livskvalitet den første perioda etter fødsel, og om Nye Familier intervensjonsprogram har ein påverknad på dette.
Prosjektet vil nytte både kvantitativ og kvalitativ data, innhenta ved bruk av spørreskjemaundersøkelsar på ulike måletidspunkt og dybdeintervju av førstegangsmødre.
Bakgrunn
Master i sykepleie med et kommunnehelsetjenesteperspektiv, spesialisering i helsesøstertjeneste. VID vitenskapelige høgskole
Forskergruppe
Kommunehelsetjeneste, VID.