Oppfølging etter underlivskreft
Oppfølging etter underlivskreft

Prosjektperiode
januar 2021
tentativ sluttdato januar 2024
Veileder
Navn på veiledere
Hovudrettleiar: Ragnhild Johanne Tveit Sekse, VID Vitenskapelige Høgskole, Bergen
Birettleiar: Kari Marie Thorkildsen, Høgskulen på Vestlandet, Stord
Om prosjektet
I 2019 fekk over 1700 kvinner ei eller anna form for gynekologisk kreft. Dei tre vanlegaste formene for underlivskreft er kreft i livmor, eggstokkar og livmorhals. Behandlinga kan vere operasjon, cellegift og stråling, gitt åleine eller i kombinasjon alt etter diagnose, type kreftsvulst og stadieinndeling. Oppfølging etter at ein er ferdigbehandla består av rutinekontrollar i 5 år, kor formålet er å fange opp teikn til residiv. Sjølv om kvinnene er friske frå kreftsjukdommen, er livet endra, og kvinnene etterlyser oppfølging med omsyn til psykiske og fysiske utfordringane som melder seg. For å møte dette behovet har forskarar utvikla eit digitalt lærings- og meistringsprogram for kvinnene. Det digitale lærings- og meistringsprogrammet Gynea består av seks tema og samtale med sjukepleiar ein gong i veka.
Den overordna hensikta med studien er å utforske dei levde livserfaringane til kvinner som er ferdigbehandla for underlivskreft og som har tatt del i Gynea. Studien har eit kvalitativt design og nyttar fenomenologisk metode. Data består av kvalitative djupneintervju med kvinner som har fullført programmet. Ein av delstudiane skal belysast med kvantitative data innhenta frå validerte spørjeskjema.
Studien består av tre delstudier.
- Berre ring om det er noko: Ein kvalitativ studie om kvinner sine behov for oppfølging etter behandling for underlivskreft.
- Erfaringar frå å ta del i eit digitalt lærings- og meistrings program, etter ferdigbehandling for underlivskreft. Kva betydning har eit slikt program i møte med ein ny kvardag?
- Seksuell helse etter underlivskreft. Kva behov har kvinnene for informasjon og hjelp i møte med seksuelle utfordringar etter behandling?
Bakgrunn
Klinisk helse- og omsorgs vitenskap – Frå Høgskulen på Vestlandet, Stord.
Forskningsgruppe
PIFO - Pasienterfaringer og Intervensjoner Forskingsgruppe
Institusjon
VID vitenskapelige høgskole