Gå til innholdet
VID vitenskapelige høgskole
Meny
  • Studier
  • Student
  • Alumni
  • Bibliotek
  • Forskning
  • Internasjonalt
  • Kontakt
  • Om VID
  • English
  • Studier
  • Student
  • Alumni
  • Bibliotek
  • Forskning
  • Internasjonalt
  • Kontakt
  • Om VID
  • English
Ph.d.-prosjekter

Du må klare deg sjølv no. Ein studie av støtte i overgangen til vaksenlivet for unge med barnevernsbakgrunn og erfaring av funksjonshemming.

Du må klare deg sjølv no. Ein studie av støtte i overgangen til vaksenlivet for unge med barnevernsbakgrunn og erfaring av funksjonshemming.

  • VID vitenskapelige høgskole
  • Forskning
  • Ph.d.-prosjekter ved Senter for diakoni og profesjonell praksis
  • Du må klare deg sjølv no.
Ingri-Hanne Brænne Bennwik

Ingri-Hanne Brænne Bennwik

Ph.d.-kandidat, +46 722 394 765, ingri-hanne.bennwik@vid.no

Prosjektperiode

januar 2018–juli 2022

Veileder

  • Inger Oterholm, VID

Om prosjektet

Overgangen til vaksenlivet kan vere ei kompleks og langvarig fase for mange unge, der målet om etablering av eit sjølvstendig liv, ofte går hand i hand med eit stort behov for hjelp og støtte. Dette er særleg utfordrande dersom dei unge ikkje har familie eller signifikante vaksne som støttar dei, noko som er tilfelle for mange unge med erfaring frå barnevernet. Som konsekvens blir overgangen til vaksenlivet for mange av desse ungdommane både akselerert og komprimert, samanlikna med andre. Unge med barnevernserfaring, som i tillegg har erfaring av funksjonshemming, har endå større risk for sosial eksklusjon og kjem dårlegast ut av barnevernspopulasjonen i Noreg når ein studerer såkalla positive utfall av overgangen til vaksenlivet ut frå kriterium som inntekt, arbeidstilknyting og utdanning.

Denne studien søkjer forståing av profesjonell praksis relatert til ettervern for nett denne gruppa: unge med barnevernserfaring, som også har erfaring av funksjonshemming. Prosjektet vil studere erfaringane til ungdom og tilsette, samt analysere dei politiske rammene for oppfølgingsarbeidet.

Problemstillinga lyder: Kva kjenneteiknar oppfølging av unge med barnevernsbakgrunn og erfaring av funksjonshemming i overgang til vaksenlivet?

Avhandlinga vil byggast opp som ei samanleggingsavhandling med tre artiklar som tematiserer fylgjande forskingsspørsmål:

  • Kva politiske verdiar er velferdsorganisasjonane forventa å realisere i oppfølging av unge med barnevernsbakgrunn og erfaring av funksjonshemming i overgang til vaksenlivet?
  • Kva erfaringar har unge i denne målgruppa sjølve frå det å få støtte i overgangen til vaksenlivet?
  • Kva kjenneteiknar sosialfagleg profesjonell praksis i arbeidet med å legge til rette for gode overgangar til vaksenlivet for denne målgruppa?

Bakgrunn

Hovudfag i sosialt arbeid, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

Forskergrupper

Profesjonell praksis i arbeid med barn, unge og familier (PROBUF)

Institusjon

VID Vitenskapelige høgskole

Kontakt

Kontakt oss

Spørsmål og svar

Ansatte

Presse og media

VID

Om VID

Misjons- og diakoniarkivet

Samfunnsbidrag

Blogg

Studierelatert

Studier og enkeltemner

Utveksling

Utvekslingsmuligheter

Opptak

Aktuelt

Nyheter

Arrangementer

Campusutvikling

Ledige stillinger

For deg

For studenter

For ansatte

Personvern og GDPR

Korona og smittevern

Følg oss på sosiale medier

3inalliance member logo

Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å gjøre din opplevelse så god som mulig. Les mer om hvordan VID behandler personopplysninger, om dine personvernrettigheter ved VID og om hvorfor vi bruker informasjonskapsler.