Nyheter

Andakt- Å elske kvarandre

Andakt- Å elske kvarandre

Andakt- Å elske kvarandre

4. søndag i påsketida Joh 13,30-35

«Sjå, kor dei elskar kvarandre!» Dette blei sagt om dei første kristne. Måten dei levde på og var med kvarandre, vekte merksemd i omverda og gjorde sitt til at evangeliet om Jesus blei spreidd. «Alle dei truande var eitt i hjarte og sinn, og ingen rekna det han eigde som sitt eige; dei hadde alt i lag». (Apg 4, 32)

I min ungdom huskar eg ein sa til meg at han kunne merke på folk om dei var kristne. Det var jo litt provoserande, syntest eg, men samtidig vart det til ettertanke. Merkast det på meg? Speilar eg Jesu kjærleik? Vel… eg er kanskje ikkje den einaste som kjenner på å kome til kort her. Kanskje det hjelper å stille seg nær kjelda?

REFLEKS

Det er så

lett å tvile

på kjærligheten.

Jesus,

du er kjærlighet.

Hjelp meg å huske

at vi mennesker

bare er speil.

I lyse øyeblikk

sender vi videre

noen få stråler

fra denne kilden.

Hjelp meg å ikke

bli forvirret

når

speila er så skitne

og lyset blir så svakt.

Hjelp meg selv

å vaske mitt speil

og stille meg

nær deg.

(Tone Gjelsten Håland)

Av Kristin Lødøen Hope

Studentprest VID Bergen

Her kan du lese bibelteksten.